INFORMASJON

Nordfjord Trafikk vart etablert i 2009, da var både John Ingvald og

Even Andreas var ferdig utdanna som trafikklærarar. Etter 10 år har Nordfjord Trafikk utvikla seg til å tilby trafikkopplæring fra Florø i vest til Sykkylven i nord med 7 flotte trafikklærarar. 

​​

Siv-Carina starta med oss i hausten 2016. Etter 8 år som sensor i Statens Vegvesen valgte Siv å satse på trafikklæraryrket igjen. Med stor omsorg for elevane er ho ein problemløysar av dimensjonar. Latteren sitt alltid lett, så her kosar elevane seg masse!

Sommaren i 2017 starta den sprudlande rampen Bård Ove som trafikklærar med oss. Han er typen som lokkar fram smilet fra dei fleste og som elevane storkosar seg med.

 

Hausten i 2017 starta Miriam og Eirik som trafikklærarar stasjonert i Førde/Florø og omegn. Eit triveleg par som trivast godt i bilen med elevane sine. Her blir elevane tatt varmt og godt i mot av desse to som skapar ein roleg og behageleg atmosfære i bilen.

​​

Det nyaste tilskotet i flokken er Robin Andreas som er ansatt i Sykkylven/Stranda og omegn fra sommaren i 2019. Energibomba av dimensjonar som med sitt lure smil alltid finn løysingar på utfordringar han måtte støte på!

Vi gler oss til å samarbeide med deg!

1/4
TRAFIKALT GRUNNKURS

 

Trafikalt grunnkurs er eit obligatorisk kurs som alle må ha før dei startar på føreropplæringa, dette gjeld og for privat øvingskjøring.

Det trafikale grunnkurset gjer vi som regel ferdig på ei veke. På den måten får du som elev ein samanheng i opplæringa, og det vert lettare å halde tråden i det som vert gjennomgått. Vi startar som regel opp på ein mandag og vert ferdig til torsdag same veka.


Det trafikale grunnkurset er i alt på 17 timar og omhandlar:

• Trafikkopplæringa
• Trafikk og førarrolla
• Mennesket i trafikken og samhandling
• Trafikkopplæring, øvingskjøring og kjøreerfaring
• Plikter ved trafikkuhell og førstehjelp
• Tiltak ved trafikkulykke
• Trafikant i mørket


Mørkekjøring vert arrangert kvart år frå 15. oktober til 15. mars. Utanom den tida vert dei trafikale grunnkursa arrangert utan mørkekjøring. Mørkekjøringa må takast igjen innan 1. november samme år, ellers mistar eleven retten til å øvelseskjøre. Når mørkekjøringa er gjennomført får ein igjen retten til å øvelseskjøre! :)

TEORIKURS
 

Synest du teorien er vanskeleg? Vi hjelper deg gjerne med tips og råd!

 

Ta gjerne kontakt med ein av oss, enten per telefon eller e-post, så skal vi prøve å finne ei løysing som passar deg.

 

 

Gjennom ATL har vi gleden av å tilby både teorikurs og teoritestar via internett!

 

Klikk på linken under for meir informasjon...

TRAFIKKOPPLÆRING
 

Vi tilbyr opplæring i alle lette klassar, har du spørsmål om dei enkelte klassane kan du gjerne ringe ein av oss.

Informasjon om opplæringa i dei ulike klassane finn du på Statens Vegvesen sine nettsider, klikk på linken under og velg så den klassa du er interessert i:

Informasjon om opplæringa

  • Google Square
  • Twitter Square
  • facebook-square

© 2013 by NORDFJORD TRAFIKK​. All rights reserved

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now